Norsk Bonde- og småbrukarlag

Norsk Bonde- og småbrukarlag har alltid vore skeptisk til EØS-avtalen, som fungerer som ein rein husmannskontrakt for landet.  Vi blir pålagt dei same forordningane som EU-land, men har praktisk talt ingen innverknad på politikken.  Iallfall så lenge norske politikarar ikkje tek i bruk reservasjonsretten.  NBS meiner det er naudsynt med å greia ut om alternativ til denne avtalen, og er skuffa over at dette ikkje er tema for den offentlege utgreiinga.  Prosjektet «Alternativer til dagens EØS-avtale» har difor vår fulle støtte.